Miljørettleiar skule og SFO ved Leikanger barneskule

Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr.

 

Om stillinga

Det er ledig 100% vikariat frå 14. februar til og med 30. juni som miljørettleiar i skule og SFO.

Leikanger barneskule er ein 1 – 6 skule der me i dag har 169 elevar fordelt på 9 klassar. På SFO har me 80 barn. Totalt har me 30 tilsette på skule og SFO.

Leikanger barneskule ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen. Naturen kring skulen er ein ressurs me prøver å nytta både i skuletida og i Bjørnehiet, skulefritidsordninga vår. Me har to skulebygg der det eine vart bygd tidleg på 80 - talet medan det andre bygget stod ferdig på 90 – talet.

Av viktig arbeid ved skulen vil me nemne; BTI – betre tverrfagleg innsats.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga inneber jobbing både i skule- og SFO tida.

Jobbing i klassar og styrking og oppfølging av barn.

Kvalifikasjonar:

Miljørettleiar, fagarbeidar eller erfaring med barn og unge.

Personlege eigenskapar:

· Trivest med barn

· Er engasjert og trivest i eit aktivt og travelt miljø

· Har gode samarbeidsevner

· Er ansvarsbevisst

· Fleksibel

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Løn etter avtaleverket

· Ein god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Kontaktperson for stillinga er Siri Randen, SFO - leiar, tlf: 57652614 eller 91824102, siri.randen@sogndal.kommune.no

Søknadsfrist: 31.01.2022

Arbeidsgjevar: Sogndal kommune

Arbeidsstad: Leikanger barneskule